Hopp til innhold
X
Innhald

Soneterapi

Soneterapi eller refleksologi er eit behandlingsprinsipp som byggjer på ein teori om at det er eit reflektorisk samband mellom visse parti i fotsolen eller handflata og dei einskilde organa eller organsystema i kroppen. Fotsoneterapi vert mest brukt. Ved å trykkje på eit visst parti i foten skal ein kunne påverke forstyrringar eller lidingar i det tilsvarande organet. Soneterapi vert brukt i naturmedisin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012