Hopp til innhold
X
Innhald

Sterilisering

Sterilisering, eit enkelt operativt inngrep som tek bort forplantningsevna. Hos mannen skjer ein over sædleiarane, hos kvinna eggleiarane. Slik sterilisering endrar ikkje kjønnsdrifta eller evna til å gjennomføre samleie. Ved kastrasjon, som er eit meir radikalt inngrep, med fjerning av kjønnskjertlane (testiklar og eggstokkar), blir seksualdrifta vanlegvis sterkt redusert.

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012