Hopp til innhold
X
Innhald

Strålebehandling

Strålebehandling, stråleterapi, radioterapi, omfattar i vidaste forstand all medisinsk behandling med stråling, men vert vanlegvis berre brukt om behandling med ioniserande stråling, det vil seie dels elektromagnetisk strålebehandling, dels partikkelstråling.
Strålebehandling vert brukt mot ei rekkje lidingar, men først og fremst mot vondarta svulstar (kreft). Ioniserande stråling skadar eller drep alt levande vev, og problemet går ut på å uskadeleggjere alle kreftceller i det sjuke vevet utan å påføre det friske vevet i nabolaget alvorlege skadar.
Bølgjelengda på røntgenstrålane kan tilpassast ulike behov. Langbølgjete ("blaut") røntgenstråling har lita gjennomtrengingsevne og vert nytta ved behandling av til dømes hudkreft, medan kortbølgjete ("hard") stråling har større gjennomtrengingsevne og verkar i djupna.
Radioaktivt fosfor som vert teke opp i organismen, samlar seg særleg i beinmargen og kan der hindre sjukleg vekst av blodceller ("blodkreft"), medan radioaktivt jod samlar seg i skjoldbruskkjertelen og kan øydeleggje svulstvev der.
Strålebehandling vert berre utført av spesialutdanna legar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012