Hopp til innhold
X
Innhald

Svangerskapsavbrot

Svangerskapsavbrot (latin abortus provocatus), medisinsk inngrep som hindrar fullføring av svangerskap. Ifølgje abortlova av 1975 kan kvinna før utgangen av tolvte svangerskapsveke sjølv avgjere om ho ønskjer svangerskapsavbrot. Ho skal då vende seg til lege, som pliktar å sende kravet til eit sjukehus der inngrepet kan bli gjort.
Etter tolvte svangerskapsveke har kvinna rett til svangerskapsavbrot i ei rekkje tilfelle som lova reknar opp. Krav om avbrot etter tolvte svangerskapsveke blir handsama av ei legenemnd, og kvinna får høve til å gjere greie for grunnane til at ho ønskjer svangerskapsavbrot. Blir søknaden avslått, kan ein leggje han fram for ei klagenemnd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012