Hopp til innhold
X
Innhald

Transplantasjon

Transplantasjon, overføring av vev eller organ med hjelp frå kirurgi. I ein vevtransplantasjon tek ein erstatningsvev, transplantat, frå same individ eller eit anna individ av same art. Visse typar vev kan overførast frå dyr til menneske. Kvart einskilt menneske har sitt spesielle vevstypemønster. Når ein person vert tilført vev frå ein annan, reagerer kroppen med å produser antistoff mot det nye vevet. Vidare kan det transplanterte vevet på si side produsere antistoff mot organismen til mottakaren. Resultatet kan bli avstøyting. Med hjelp frå immundempande medikament kan ein hemme slike immunologiske reaksjonar. Den vanlegaste forma for transplantasjon er blodtransfusjon. Hudoverføring skjer som regel mellom ulike delar av kroppen til same person. Beinvev kan overførast frå andre individ og frå daud, sterilt beinvev frå dyr. Ei defekt hornhinne kan transplanterast frå ein donator som nyleg er død. Blodårer kan erstattast med andre blodårer eller plastrøyr. Heile organ som kan transplanterast i dag, er til dømes nyre, lever, bukspyttkjertel, beinmarg og hjarte. Ein del av desse operasjonane er i ferd med å bli rutine, og er omfatta med spesiell lovgiving og med donasjonsavtalar mellom land.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012