Hopp til innhold
X
Innhald

Utskraping

Utskraping, abrasio (uteri), fjerning av slimhinna i livmorveggene med hjelp frå eit skeiforma instrument som vert ført inn gjennom livmorhalskanalen. Inngrepet vert utført dels som behandling ved utidige blødingar, dels for å skaffe materiale til gransking av mogleg livmorkreft og andre sjukdomar. Ordet vert òg ofte brukt om det meir omfattande inngrepet provosert abort (evacuatio uteri, tømming av livmora).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012