Hopp til innhold
X
Innhald

Vaksinasjon

Vaksinasjon, innpoding av spesialbehandla smittestoff eller toksin for å verne mot ein infeksjonssjukdom. Vaksinen verkar som antigen og framkallar danninga av antistoff.
Vaksinasjon var opphavleg nemning berre for innpoding av kukoppar for å verne mot ekte koppar.
 
Mellom dei vaksinasjonane vi har i dag, kan vi nemne vaksinasjon mot difteri, stivkrampe og kikhoste (trippel-vaksinasjon), poliomyelitt, meslingar, tuberkulose (BCG), raude hundar, tyfus/paratyfus, flekktyfus, gulfeber, koppar og pest. Det finst òg vaksine mot visse influensatypar og mot eit par av dei bakteriane som forårsakar smittsam hjernehinnebetennelse.
 
Vaksinasjonsprogrammet for born i Noreg inneheld følgjande vaksinar: trippel, poliomyelitt, meslingar, BCG og raude hundar (hos jenter).
 
Dei fleste vaksinane gir livslangt vern, medan andre verkar kortare tid og må eventuelt takast opp att.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012