Hopp til innhold

Drivhuseffekten

Drivhuseffekten

Drivhuseffekten er den oppvarminga av jorda som skjer når varme blir fanga i atmosfæren. Drivhuseffekten er ein føresetnad for livet på jorda, men er samtidig årsak til menneskeskapte klimaendringar, ei av dei største utfordringane i vår tid.

Les meir om Drivhuseffekten

Full storm

Full storm, middelvind over 10 minutt som i ei høgd på 10 meter over bakken har ein fart mellom 24,5 og 28,4 m/s (48–55 knop). Dette utgjer styrke 10 på Beaufort-skalaen.

Les meir om Full storm

Hagl

Hagl

Hagl, nedbør i form av ispartiklar eller isklumpar. I varme land kan ishagl få ein diameter på opptil 12–13 cm, og med vekt på 1 kg eller meir.

Les meir om Hagl

Kaldfront

Kaldfront, grenseflate mellom ein kald og ein varm luftmasse der den kalde lufta støyter fram og trengjer vekk varmlufta. 

Les meir om Kaldfront

Orkan

Orkan

Orkan, vind med fart på over 32,6 m/s, dvs. styrke 12 eller høgare på Beaufort-skalaen for vind. Nyttårsorkanen som råka Nordvestlandet nyttårsaftan 1991 og 1.nyttårsdag 1992, er til no den kraftigaste som har råka Noreg, sidan målingane starta i 1867.

Les meir om Orkan

Skodde

Skodde

Skodde eller tåke, skyer som ligg på bakken og er samansette av ørsmå vassdropar. Ein skil mellom fleire typar skodde etter måten ho er danna på.

Les meir om Skodde

Storm

Storm

Storm, vind med fart frå 20,8 til 32,6 m/s. Ein skil mellom liten, full og sterk storm, dvs. styrke 9, 10 og 11 på Beaufort-skalaen for vind.

Les meir om Storm

Syklon

Syklon

Syklon, stort, spiralforma vindsystem omkring eit lågtrykksområde. Syklonar oppstår og forflyttar seg over heile jorda med unntak av eit belte langs ekvator.

Les meir om Syklon