Hopp til innhold
X
Innhald

Adiabatisk prosess

Adiabatisk prosess, nemning på ein prosess som skjer i eit system der det verken blir tilført eller fjerna varme.

Når til dømes luft stig til vêrs, utvidar ho seg og utfører dermed eit arbeid. Energien til dette blir teken frå varmeinnhaldet i lufta, og lufta blir avkjølt. Omvendt blir luft som søkk ned og kjem under høgare trykk, oppvarma.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 21.10.2015