Hopp til innhold
X
Innhald

Albedo

Albedo, den brøkdelen av den innkomande solstrålinga som blir reflektert frå ei overflate. For jorda sett under eitt er albedoen rekna til om lag 0,3. Dette vil seie at 30 % av strålinga blir send tilbake til rommet frå skyene og jordoverflata, og ved spreiing frå luftpartiklar og støv. Tørr nysnø har ein albedo på 0,9. For skog er han 0,1–0,15.
Endringar av jordoverflata, som hogst i stor skala, utbygging av urbane område eller endring av snø- og isdekke i samband med global oppvarming kan drastisk endre den lokale albedoen. Snødekt hav-is har til dømes mykje høgare albedo enn ei havoverflate, og ein langt større del av solinnstrålinga vil dermed bli absorbert i havet og føre til auka oppvarming. Dette kan igjen føre til raskare issmelting. På same måten vil ofte hogst av ein skog som har låg albedo, gjere at skogbotnen med høgare albedo kjem til syne og dermed reflekterer meir stråling enn før. Auka skydekke kan òg føre til auka albedo og på den måten spele ei viktig rolle i global oppvarming.


Sist oppdatert: 11.06.2014