Hopp til innhold
X
Innhald

Altocumulus

Altocumulus eller rukleskyer, middels høge skyer med skybase mellom 2000 og 6000 m høgd. Skyene er bygde opp av lag eller flak av kuleforma skydottar eller rullar. Dei er ofte synlege framfor ein kaldfront, og om sommarmorgonar kan dei vere teikn på at det kan utvikle seg toreskyer seinare på dagen.
Dei er hovudsakleg samansette av vassdropar, men i særs låge temperaturar kan dei innehalde ispartiklar.
Makrellskyer og linseskyer (lenticularis) er variantar av altocumulus.
 
Foto: Virginia Sanderson, Flickr.com CC BY-ND
Foto: Virginia Sanderson, Flickr.com CC BY-ND


Sist oppdatert: 11.06.2014