Hopp til innhold
X
Innhald

Altostratus

Altostratus, lagskyer, middels høge skyer med skybase mellom 2000 og 6000 m høgd. Skyene dannar eit jamt eller trevla slør av grå eller gråblå farge, og så tett at ein som regel ikkje kan skimte sol og måne gjennom dei. Altostratusskyene er som regel samansette av underkjølte vassdropar, men i særs låge temperaturar kan dei innehalde ispartiklar.
Skyene oppstår når store luftmassar blir heva og kondenserer, vanlegvis i samband med frontar. Altostratusskyer kan dekkje store område, gjerne tusenvis av kvadratkilometer, og dei kan ofte føre til nedbør over større område dersom dei er tjukke nok.
Foto: MeteoSchweiz, Flickr.com CC BY-NC


Sist oppdatert: 11.06.2014