Hopp til innhold
X
Innhald

Amboltsky

Amboltsky, ei karakteristisk form av høge fjørskyer, cirrus, med utsjånad som ein ambolt, som opptrer i toppen av ei bygesky, cumulonimbus. Amboltskyene er samansette av iskrystall som verkar fiberaktige og slørete, medan bygeskyene er jamnare i kantane og mykje mørkare.
Amboltforma er berre mogleg å sjå frå avstand. Slike skyer kan få dei spektakulære mamma- eller mammatusskyene på undersida.
Foto: Pablo Flores, Flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: Pablo Flores, Flickr.com CC BY-NC-ND


Sist oppdatert: 11.06.2014