Hopp til innhold
X
Innhald

Antisyklon

Antisyklon, høgtrykksområde som i regelen har ei relativt stor horisontal utstrekning og rolege vindforhold. I dei høgare luftlaga er det ei svak rørsle nedover som løyser opp dei høge skyene og ofte gir fint vêr. Luftstrøyminga rundt eit høgtrykk går med klokka på den nordlege halvkula.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014