Hopp til innhold
X
Innhald

Atmosfære

Atmosfære, lag av gassar som omgir ein himmellekam.

Atmosfæren på jorda, altså lufta, er ein nødvendig føresetnad for livet til plantene og dyra. Han gir oksygen slik at organismane kan ande, vernar mot farleg stråling frå verdsrommet og held på varmen på jorda. Uten han ville middeltemperaturen på jordoverflata ha vore –18 °C, medan han no er om lag +15 °C.

Lufta er samansett av nitrogen (78 %) og oksygen (21 %) og nesten 1 % argon. Andre gassar utgjer dermed lite i volum av den totale atmosfæren, men er likevel viktige for livet på jorda. Dette gjeld til dømes karbondioksid, vassdamp og ozon. Ein deler atmosfæren inn i tre lag. I homosfæren (0–85 km) er luftsamansetjinga tilnærma som ved jordoverflata. I heterosfæren (85–400 km) er samansetjinga av lufta ei anna, og ho varierer meir. Her finn ein eit lag av ioniserte partiklar, som ein kallar ionosfæren. I eksosfæren over 400 km finst det berre lette atom, for det meste hydrogen.

Homosfæren deler ein igjen inn i tre lag. Det nedste er troposfæren (0–10 km, noko avhengig av breiddegraden), der temperaturen stort sett minkar med høgda. Her finn ein dei aller fleste skyene. I stratosfæren (10–50 km) stig temperaturen med høgda, og i mesosfæren (50–85 km) minkar han igjen. I stratosfæren finn ein eit lag med høgt ozoninnhald – ozonlaget.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.05.2014
Sist oppdatert: 21.10.2015