Hopp til innhold
X
Innhald

Barometer

Barometer (av gresk, eigentleg ’tyngdemålar’), instrument som måler lufttrykket. Mest kjent er kvikksølvbarometeret, som vart oppfunne av Torricelli i 1643. Dette er eit glasrøyr som er fylt med kvikksølv og snudd opp-ned, med den opne enden ned i ei skål med kvikksølv og den lukka enden loddrett oppover. Vekta av søyla, som over seg har eit lufttomt rom i røyret, svarar då til det ytre lufttrykket på kvikksølvet i skåla. Søyla stig og fell med lufttrykket, og avstanden mellom dei to overflatene oppgir lufttrykket i millimeter kvikksølv (mmHg).
Den eininga ein vanlegvis nyttar i meteorologien, er hektopascal (hPa).
Foto:
Foto:"Lammymann" Flickr.com CC BY-NC-ND

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.05.2014