Hopp til innhold
X
Innhald

Beaufort-skalaen for vind

Beaufort-skalaen for vind er ein skala for å måle og formidle vindstyrke.

Beaufort-skalaen for vind, skala som vart innført av den engelske admiral Francis Beaufort (1774–1857). Skalaen har 13 trinn (0–12), og han var opphavleg basert på vurdering av kva verknad vinden hadde på eit seglskip. I 1874 tok ein i bruk ein skala som var basert på vindverknaden på havet og på landjorda i meteorologiske vêrtelegram.

Ein skala som var relatert til vindhastigheit vart først vedteken i 1946, og utvida (av USA) til 18 trinn i 1955. Same året vart siffer frå Beaufort-skalaen erstatta med knop på vêrkarta.

Dei 13 trinna er:

0 – stille (0–0,2 m/s)

1 – flau vind (0,3–1,5 m/s)

2 – svak vind (1,6–3,3 m/s)

3 – lett bris (3,4–5,4 m/s)

4 – laber bris (5,5–7,9 m/s)

5 – frisk bris (8,0–10,7 m/s)

6 – liten kuling (10,8–13,8 m/s)

7 – stiv kuling (13,9–17,1 m/s)

8 – sterk kuling (17,2–20,7 m/s)

9 – liten storm (20,8–24,4 m/s)

10 – full storm (24,5–28,4 m/s),

11 – sterk storm (28,5–32,6 m/s)

12 – orkan (over 32,6 m/s)


Sist oppdatert: 20.09.2018