Blåfargen på himmelen kjem av at sollyset blir spreidd av molekyla i lufta.

Dei komponentane i lyset som har kortast bølgjelengd, blir spreidde mest. Det lyset som treffer auget, kjem frå alle himmelretningar og er rikare på dei blå og fiolette fargane enn dei gule og raude.

Støvpartiklar i lufta spreier også lyset, men vanlegvis er ikkje slik spreiing så avhengig av bølgjelengda. Støv i lufta gjer lyset meir kvitt, og i industristroka blir himmelfargen blassare enn i høgfjellet og polarområda, der lufta er reinast.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg