Hopp til innhold
X
Innhald

Chinook

Chinook [tsjinuk], omgrep som kan vise til fleire ting. For det første er chinook namnet på ein nordamerikansk indianarstamme, og for det andre blir det brukt brukt om varme og tørre vestlege vindar som opptrer på austskråninga av Rocky Mountains.
I praksis er dette eit amerikansk namn på fønvinden. Slike vindar set gjerne inn plutseleg og med sterk temperaturstiging og snøsmelting.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014