Hopp til innhold
X
Innhald

Cumulonimbus

Cumulonimbus (av latin), bygesky. Slike skyer fører ofte til kraftige byger, av og til med torevêr. Skybasen ligg kring 2000–4000 m, medan skytoppen kan nå høgder over 20 000 m i tropane. Cumulonimbusskyene er ei vidareutvikling av cumulusskyer.
Ei velutvikla bygesky har ein karakteristisk flat, amboltforma topp. Denne toppen oppstår ved at den kraftige vertikale luftstraumen som skaper skya, treffer det stabile luftlaget i stratosfæren og spreier seg til alle kantar under tropopausen. Hagl, torevêr og tornadoar oppstår berre i samband med slike skyer.
Skyene er farlege for flytrafikk fordi dei gir kraftig turbulens.
Foto: UCAR-AtmosNews-NCAR, Flickr.com CC BY-NC
Foto: UCAR-AtmosNews-NCAR, Flickr.com CC BY-NC


Sist oppdatert: 11.06.2014