Hopp til innhold
X
Innhald

Den bariske vindlova

Den bariske vindlova eller Buys–Ballots-lova, lov innanfor meteorologien som viser samanhengen mellom lufttrykk og vind.
Dersom ein står med ryggen mot vinden, har ein på den nordlege halvkula lågtrykket på venstre side noko bak og høgtrykket på høgre side noko framfor. På den sørlege halvkula er det omvendt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.05.2014