Hopp til innhold
X
Innhald

Fallstriper

Fallstriper (latin virgo), striper av fallande nedbør som ein ofte kan sjå under skyer. Av og til fordampar nedbøren undervegs, slik at det ikkje fell nedbør på bakken. Fallstriper kan føre til kraftig nedvind som er farleg for flytrafikken, særleg nær flyplassar der flya fyk i låg høgd.


Sist oppdatert: 11.06.2014