Hopp til innhold
X
Innhald

Frisk bris

Frisk bris, middelvind over 10 minutt som i ei høgd på 10 meter over bakken har ein fart mellom 8,0 og 10,7 m/s (17–21 knop), dvs. styrke 5 på Beaufort-skalaen. Små tre med lauv byrjar å svaie, og det oppstår mellomstore bølgjer (2–3 m) som har ei utprega langstrekt form og mange skumtoppar.


Sist oppdatert: 13.06.2014