Hopp til innhold
X
Innhald

Frostrøyk

Frostrøyk eller fordampingsskodde, ei form for skodde som blir danna når kald luft strøymer utover ei varmare vassflate. Det fordampar frå vatnet, og vassdampen blir avkjølt raskt og kondensert i lufta, der det dannar seg ørsmå vassdropar.
 
Tett frostrøyk blir sjeldan danna dersom differansen mellom vasstemperaturen og lufttemperaturen er mindre enn 15 °C.
 
 
Foto: Bjørn Egil Johansen Flickr.com CC BY-NC
Foto: Bjørn Egil Johansen Flickr.com CC BY-NC

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.05.2014