Hopp til innhold
X
Innhald

Fukt

Fukt, innhaldet av vassdamp i lufta. Fukt blir oppgitt som anten absolutt fukt (i gram vassdamp per kubikkmeter luft) eller som spesifikk fukt (i gram vassdamp per kilo luft). Lufta kan ved ein viss temperatur berre innehalde ei viss mengd vassdamp, og denne mengda aukar dess høgare temperaturen er. Når denne øvre grensa er nådd, seier ein at lufta er metta. Dersom det blir tilført meir vassdamp eller lufta blir avkjølt, vil den vassdampmengda som er til overs, normalt bli kondensert til dropar.
Relativ fukt er forholdet i prosent mellom den vassdampmengda lufta inneheld, og den som ho ville ha innehalde ved same temperatur dersom ho var metta. Fukt spelar ei viktig rolle i danninga av nedbør, skyer, dogg og tåke. Høg relativ fukt gjer at temperaturen kjennest varmare enn han er.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014