Hopp til innhold
X
Innhald

Fuktmålar

Fuktmålar eller hygrometer, instrument som til vanleg måler den relative fukta.
 
Hårhygrometeret utnyttar den eigenskapen ved eit hår at det blir lengre i fuktig vêr. Meir nøyaktige er psykrometeret, som er samansett av to termometer der kula på det eine er omvikla med eit stoff som blir halde fuktig. Termometera blir ventilerte av ei vifte, og på grunn av fordampinga viser termometeret med det våte stoffet ein lågare temperatur. Når ein så les av termometera samtidig, kan ein avgjere den relative fukta i lufta.
 
Foto: Sally hunter Flickr.com CC BY
Foto: Sally hunter Flickr.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.05.2014