Hopp til innhold
X
Innhald

Full storm

Full storm, middelvind over 10 minutt som i ei høgd på 10 meter over bakken har ein fart mellom 24,5 og 28,4 m/s (48–55 knop). Dette utgjer styrke 10 på Beaufort-skalaen.

Det er sjeldan ein får full storm inne i landet, men når det skjer, kan han rotvelte tre og gjere stor skade på hus. Til havs gir han svært høge bølgjer (9–12,5 m) med lange overhengjande kammar. Skummet blir danna i store flak og driv med vinden i tette, kvite strimer. Sjøsprøyten fører til nedsett sikt.

Foto: Redningsselskapet, Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Redningsselskapet, Flickr.com CC BY-NC-SA


Sist oppdatert: 28.01.2016