Hopp til innhold
X
Innhald

Gradientvind

Gradientvind, omgrep som blir nytta til å skildre vinden på ein stad når trykkfeltet (isobarane) er kjent. Gradientvinden er ei god tilnærming til den verkelege vinden, særleg dersom trykkfeltet ikkje endrar seg for raskt. Når isobarane ligg tett saman (stor gradient), blir vinden sterk, medan eit slakt trykkfelt med stor avstand mellom isobarane gir svak vind.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.05.2014