Hopp til innhold
X
Innhald

Hagl

Hagl, nedbør i form av ispartiklar eller isklumpar. I varme land kan ishagl få ein diameter på opptil 12–13 cm, og med vekt på 1 kg eller meir.

Hagl blir danna i bygeskyer, cumulonimbus, som eit resultat av sterke, vertikale luftstraumar og vinduro (turbulens).
Sprøhagl er oftast kuleforma partiklar med diameter på 2–5 mm. Dei er kvite og ugjennomsiktige og lèt seg lett trykkje saman. Iskorn er regndropar som er frosne i eit kaldare luftlag nær bakken, slik at det ytre skalet er hard, gjennomsiktig is, medan kjernen kan vere av flytande vatn eller av sprøhagl. Ishagl har diameter på over 5 mm, og i varme land kan klumpane omfatte uregelmessige isstykke med diameter på opptil 12–13 cm, og med vekt på 1 kg eller meir.
Det er ei vanleg misoppfatning at hagl er eit vinterfenomen fordi det er is involvert. I høgda der haglet blir danna, er det derimot kulde sjølv på sommaren, og det er ustabiliteten i lufta og kor kraftige dei vertikale luftstraumane er, som er avgjerande for danninga av hagl.
Foto: Hogne Vindenes Flickr.com CC BY-NC
Foto: Hogne Vindenes Flickr.com CC BY-NC
 
Sjå video frå Texas, USA, der dei fekk ei haglbye med hagl på storleik med golfballar:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2014
Sist oppdatert: 05.08.2014