Hopp til innhold
X
Innhald

Halo

Halo (gresk), kvite eller farga ringar eller flekker på himmelen. 

Den fargelause ringen oppstår ved at sol- eller månelyset blir brote i iskrystall i høgare luftlag, og radiusen på ringen er 22° eller 46°.

Farga ringar kjem av at lyset blir brote i vassdropar. Bisoler og bimånar opptrer som lyse flekker 22°, 46° eller 120° frå sola eller månen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 01.09.2017