Hopp til innhold
X
Innhald

Hildring

Hildring, optisk fenomen i atmosfæren som oppstår når relativt varm luft kjem over ei kjøligare flate, som regel sjø, slik at lufta like over flata blir nedkjølt. Lysstrålane går med noko større fart i den varme lufta enn i den kalde, slik at lysbana blir krumma noko ned mot jorda. Det fører til at den som observerer, då kan sjå gjenstandar som normalt ligg under horisonten.
Er det ei særleg skarp grenseflate mellom kald og varm luft, kan lysstrålane bli reflekterte i henne som i ein spegel. Det er særleg i polarområda ein opplever utprega hildringar, men dei er òg vanlege langs norskekysten, særleg om sommaren.


Sist oppdatert: 13.06.2014