Hopp til innhold
X
Innhald

Høgtrykk

Høgtrykk eller antisyklon, stad der lufttrykket er høgare enn i områda rundt. I eit høgtrykk søkk lufta vanligvis ned (subsidens), og ho får dermed mindre relativ fukt. Derfor gir eit høgtrykk ofte pent vêr.
Alle høgtrykk er antisyklonar, medan alle lågtrykk er syklonar. Vindretninga rundt eit høgtrykkssenter er alltid med klokka på den nordlege halvkula og mot klokka på den sørlege.  

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014