Hopp til innhold
X
Innhald

Hydrometeorar

Hydrometeorar, fellesnemning i meteorologien på alt som blir danna i atmosfæren ved kondensasjon eller sublimasjon av vassdamp. Dei omfattar skyer, skodde, skoddedis, alle former for nedbør og fallstriper av nedbør som fordampar før han når jordoverflata. Også snøfok, sjøsprøyt, dogg og rim er rekna som hydrometeorar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.05.2014