Hopp til innhold
X
Innhald

Ionosfæren

Ionosfæren, den delen av jordatmosfæren som ligg mellom om lag 80 og 500 km. Dette er same området som termosfæren ligg i. Nedover er ionosfæren avgrensa av mesosfæren, og oppover av eksosfæren. Karakteristisk for ionosfæren er dei ioniserte leiande laga som reflekterer elektromagnetiske bølgjer og dermed gjer radiomottaking på lengre avstandar mogleg. Her opptrer også nordlys og sørlys.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014