Hopp til innhold
X
Innhald

Jetstraum

Jetstraum, nemning på eit sterkt konsentrert vindfelt, som oftast i den øvre troposfæren nær tropopausen. 

Vanlegvis er det på kvar halvkule to jetstraumar frå vest mot aust: éin over subtropane som er ganske konstant i alle årstider, og éin i samband med polarfronten, men denne varierer langt meir. I tillegg til desse er det nokre meir sporadiske jetstraumar i stratosfæren. Lågtrykka følgjer gjerne retninga til jetstraumen i samband med polarfronten.

Sjå video frå Yr: Kva er jetstraumar? Meteorolog Kjersti Opstad Strand forklarer:

Video med løyve frå NRK for Allkunne


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2014
Sist oppdatert: 21.02.2018