Hopp til innhold
X
Innhald

Kaldfront

Kaldfront, grenseflate mellom ein kald og ein varm luftmasse der den kalde lufta støyter fram og trengjer vekk varmlufta. 

Kaldfrontflata, grenseflata, har ei gjennomsnittleg helling på omkring 1:50 og er orientert slik at kaldlufta først trengjer fram i dei lågare luftlaga.

Framfor ein kaldfront har ein som regel ein varmsektor med mild og stabil luft og typisk vêr med lett regn og yr, dis og stundom tåke og skyer som heng lågt ned i fjella. Under sjølve kaldfrontpassasjen aukar ofte nedbøren kraftig, og vinden vil òg auke på. Like bak kaldfronten klarnar det gjerne opp og blir langt mindre vind. Eit stykke bak kaldfronten oppstår det gjerne bygevêr.

Sjå video frå Yr: Kva er frontar? Meteorolog Kjersti Opstad Strand forklarer:

Video med løyve frå NRK for Allkunne



Sist oppdatert: 23.05.2017