Hopp til innhold
X
Innhald

Khamsin

Khamsin, sørleg vind i Egypt framfor lågtrykk som går austover i Middelhavet eller over Nord-Afrika. Han er varm og tørr og fører ofte med seg mykje støv. Khamsinar er hyppigast frå april til juni. Nemninga er òg brukt om sørleg til sørvestleg kuling i Raudehavet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.05.2014