Hopp til innhold
X
Innhald

Klima

Klima, syntesen av alt vêr gjennom ein lengre periode.

Det blir gjerne uttrykt ved gjennomsnittsverdiar og ekstremverdiar av temperatur, trykk, nedbør, vind osb. Klimaet blir mellom anna påverka av solstrålinga, avstanden til hav og høgda over havet. 

Det er vanleg å dele inn klimaet i fem hovudtypar: tropisk klima, steppe- eller ørkenklima, varmtemperert regnklima, kaldtemperert snøskogklima og polarklima eller høgfjellsklima. I Noreg finn ein dei tre siste typane.

Auka utslepp av drivhusgassar har vorte eit verdsomfattande problem, fordi temperaturbalansen i verda er avhengig av samansetjinga av atmosfæren. Det internasjonale klimapanelet i FN, IPCC, reknar no med at gjennomsnittstemperaturen i verda stig med mellom 0,1 °C og 0,35 °C kvart tiår, og at hava stig med 2–8 cm kvart tiår på grunn av oppvarminga og dermed volumauken av havet og nedsmelting av ismassane. 

Sjå video frå Yr: Kva er skilnaden på vêr og klima? Meteorolog Kjersti Opstad Strand forklarer:

Video med løyve frå NRK for Allkunne



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.05.2014
Sist oppdatert: 23.05.2017