Hopp til innhold
X
Innhald

Kulelyn

Kulelyn, ei sjeldsynt form for lyn med ei slags «eldkule» av lysande gass, som ofte rører seg relativt sakte, dvs. i gangfart (1–2 m/s). Storleiken kan variere frå nokre centimeter til 1 meter i diameter, men det vanlegaste er 10–20 cm. Levetida kan vere frå få sekund til eitt minutt.
Ein har endå ikkje funne noka fullgod forklaring på fenomenet.
Foto: Joe Thomissen Flickr.com CC BY-ND
Foto: Joe Thomissen Flickr.com CC BY-ND

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.05.2014