Hopp til innhold
X
Innhald

Luftmasse

Luftmasse, nemning på ein større del av troposfæren som har omtrent lik temperatur og fukt i horisontal retning. I Noreg er det desse luftmassane ein har mest av: arktisk luft frå stroka omkring Nordpolen, maritim polarluft frå den nordlegaste delen av Atlanterhavet og Norskehavet, kontinental polarluft frå Mellom-Europa og Russland, maritim tropeluft frå det subtropiske høgtrykket ved Asorane og kontinental tropeluft som ofte stammar frå ørkenområda i Nord-Afrika eller Sørvest-Asia. Grensesonene mellom desse luftmassane kallar ein frontar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014