Hopp til innhold
X
Innhald

Luftspegling

Luftspegling, optisk fenomen som oppstår i den lågare atmosfæren. Eit varmt luftlag i kontakt med bakken kan spegle himmel og skyer så ein synest å sjå vassdammar på bakken, til dømes på solvarm asfaltveg.
Eit kaldt luftlag ved bakken og eit varmt luftlag over dette kan på same måten spegle gjenstandar på bakken, gjerne frå bak horisonten, så ein synest å sjå dei oppe i lufta. Dette siste kallar ein òg hildring eller fatamorgana.
 
Foto:
Foto:"mammal" Flickr.com CC BY-NC-SA

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 02.06.2014