Hopp til innhold
X
Innhald

Lufttrykk

Lufttrykk, måleining som i SI-systemet blir målt i hektoPascal (hPa). Det normale lufttrykket i gjennomsnitt for heile jorda er ved havnivå om lag 1013 hPa.
Det lågaste som er målt, er 877 hPa, om lag 1000 kilometer aust for Guam i Stillehavet i ein tropisk syklon 24. september 1958. Det høgste er visstnok 1074 hPa, i Irkutsk i Sibir.
Gjennomsnittstrykket på 1013 hPa er òg ei måleining for trykk, 1 standardatmosfære (atm). 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014