Hopp til innhold
X
Innhald

Lyn

Lyn, elektriske utladningar i lufta.

I ei toresky oppstår det ein elektrisk ladningsskilnad i toppen av skya og negativ ladning i botnen som igjen skaper positiv ladning på bakken. Ladningane kan bli utjamna gjennom utladningar innanfor skya, mellom ulike skyer eller mellom skya og bakken.
Eit lyn byrjar med ei for-utladning der elektrona «slår opp» ein lynkanal der lufta blir ionisert. Dermed blir leiingsevna i lufta betre i kanalen enn utanfor, slik at hovudlynet følgjer kanalen. Det kraftige lysglimtet oppstår idet lufta blir ionisert og oppvarma, og torebraket kjem av at luftmolekyla blir skubba til sides og skaper ei trykkbølgje.
Foto: Jo Bjørnar Hausnes, Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Jo Bjørnar Hausnes, Flickr.com CC BY-NC-SA

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.06.2014
Sist oppdatert: 20.10.2014