Hopp til innhold
Jordkloden - Bilete av jordkloden, tatt 25.10.2011 frå satellitten GOES-13 som er administrert av The National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA). Foto: NASA Goddard Space Flight Center, Flickr.com CC BY 2.0.

X
Innhald

Meteorologi

Meteorologi, namn på vitskapen om tilstanden og rørslene i atmosfæren. Avgjerande for meteorologien er observasjonar av dei meteorologiske elementa.

Meteorologi (av gresk meteoros, ’høg’), namn på vitskapen om tilstanden og rørslene i atmosfæren. Avgjerande for meteorologien er observasjonar av dei meteorologiske elementa, dvs. mellom anna vind, temperatur, lufttrykk, nedbør og luftfukt. Derfor finst det rundt om på jorda eit nett av meteorologiske målestasjonar som gir opplysningar som blir plotta inn på vêrkart, og som er datagrunnlaget for vêrprognosane.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Vêrmelding på NRK Dagsrevyen. Statsmeteorolog Kristen Gislefoss har godt nytt for folk i Midt-Noreg. Foto: Skjermdump.
Vêrmelding på NRK Dagsrevyen. Statsmeteorolog Kristen Gislefoss har godt nytt for folk i Midt-Noreg. Foto: Skjermdump.
Ei grein innanfor meteorologien er klimatologien, som mellom anna tek for seg vêrstatistikk og utrekning av det klimatologiske sannsynet for sterk vind, nedbør, kulde osb. Dette er svært viktig for til dømes byggjeverksemd.

Sjå video frå Newton på NRK Skole om ulike vêrteikn og måtar å varsle vêret på:

Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 
Sist oppdatert: 29.08.2017