Hopp til innhold
X
Innhald

Meteorologiske institutt

Meteorologiske institutt, institusjonar som driv forsking innanfor meteorologi og praktiske meteorologiske tenester. Dei første meteorologiske institutta vart oppretta kring 1850. På internasjonale konferansar i Brussel i 1853 og i Wien i 1873 standardiserte ein observasjonsteknikken og koordinerte samarbeidet mellom dei nasjonale institutta.
Det norske meteorologiske instituttet vart oppretta 1. desember 1866 og skilt ut frå Universitetet i Oslo som ein eigen statsinstitusjon 1. august 1909. Meteorologisk institutt har avdelingar for vêrvarsling i Bergen og Tromsø. Anton Eliassen har vore direktør for Meteorologisk institutt sidan 2000.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014