Hopp til innhold
X
Innhald

Monsun

Monsun (av arabisk mausin, ’årstid’), nemning på vindsystem som kjem av ulike temperaturar over land og hav. Dei store landmassane blir oppvarma av sola slik at lufta byrjar å stige, og ein får eit lågtrykk ved overflata. Storstila luftstraumar byrjar dermed å strøyme inn frå havet for å erstatte denne lufta. Dette er det same prinsippet som fører til solgangsbris, men i mykje større skala.
Fenomenet oppstår mest i Sør-Asia, der tørr nordaustmonsun blæs ut frå land om vinteren, medan fuktig sørvestmonsun blæs innover land om sommaren. Sommarmonsunen er livsviktig for jordbruket i Sør-Asia. 
Foto:
Foto: "Pelle" Flickr.com CC BY-NC-ND


Sist oppdatert: 13.06.2014