Hopp til innhold
X
Innhald

Okklusjon

Okklusjon (av latin ’inneslutting’), nemning på eit frontsystem som blir danna i dei seinare stadia av ei lågtrykksutvikling. Kaldfronten bak lågtrykket flyttar raskare på seg enn varmfronten framfor. Frontsystemet «klappar saman», slik at varmsektorlufta blir fortrengd opp i høgda som ein «øvre front». Når eit lågtrykk er i ferd med å døy ut, er det oftast berre den okkluderte fronten som er att av frontsystemet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014