Hopp til innhold
X
Innhald

Ølrøyk

Ølrøyk (av øl, ’varme’) eller tørrdis, dis som kjem av ørsmå støvpartiklar eller saltpartiklar i lufta. Ølrøyken ligg som eit slør over landskapet og får det dermed til å verke mattare. Dette sløret har ein blåleg fargetone når ein ser det mot mørk bakgrunn (fjella blånar), og ein skitengul eller raudgul fargetone når ein ser det mot lys bakgrunn (som ved solnedgang).
Foto: Francesco Sisti, flickr.com CC By 2.0
Foto: Francesco Sisti, flickr.com CC By 2.0
Ølrøyk kan forvekslast med vanleg dis, som er vassdropar som svevar i lufta, men han er kjenneteikna ved at lufta er langt tørrare enn ved dis.


Sist oppdatert: 20.06.2014