Hopp til innhold
Satelittfoto av nyttårsorkanen i 1991/92. Foto: Met.no
Satelittfoto av nyttårsorkanen i 1991/92. Foto: Met.no
X
Innhald

Orkan

Orkan, vind med fart på over 32,6 m/s, dvs. styrke 12 eller høgare på Beaufort-skalaen for vind. Nyttårsorkanen som råka Nordvestlandet nyttårsaftan 1991 og 1.nyttårsdag 1992, er til no den kraftigaste som har råka Noreg, sidan målingane starta i 1867.

Orkan (av engelsk hurricane frå spansk eller portugisisk), vind med fart på over 32,6 m/s, dvs. styrke 12 eller høgare på Beaufort-skalaen for vind. I Noreg får ein berre orkanar på sjøen, på utsette stader i høgfjellet og ein sjeldan gong i enkelte fjordstrok. Vinden kan føre til stor skade på skog og bygningar, og han vil i dei fleste tilfelle få status som ekstremvêr i Noreg.
Nyttårsorkanen som råka Nordvestlandet nyttårsaftan 1991 og 1.nyttårsdag 1992, er til no den kraftigaste som har råka Noreg, sidan målingane starta i 1867. Eit menneske omkom, og det vart gjort enorme skader på bygningar, vegar og skog. Dette er truleg den største naturkatastrofen i Noreg i moderne tid.
Sjå video frå NRK Skole: Orkanen i 1992

Til sjøs blir sjøen dekt av kvitt og drivande skum, og sikta blir nedsett på grunn av skum og sjørokk i lufta. Bølgjehøgda kan bli over 14 meter, men fordi trykket frå vinden er så sterkt og toppane blæs av, kan ein enkelte gonger få minst like høge eller høgare bølgjer i sterk storm.
Dei tropiske syklonane i USA har ført til innføring av vindstyrkane 13 til 18 på skalaen.


Sist oppdatert: 26.10.2016