Hopp til innhold
X
Innhald

Orografisk nedbør

Orografisk nedbør, nedbør som oppstår når fuktig luft blir heva mot fjell eller åsar. Lufta blir avkjølt adiabatisk, når metting og nedbøren fell ut. Den orografiske effekten forsterkar i tillegg frontar slik at områda med mykje orografisk nedbør ofte er av dei våtaste i verda utanfor tropiske strok.
Vestlandskysten er eit døme på eit område med mykje orografisk heving. Ein bieffekt av den orografiske nedbøren er regnskuggen på andre sida av fjellet, der det kjem langt mindre nedbør.


Sist oppdatert: 16.06.2014